Rammeavtale for brannteknisk rådgjeving
Issued by Gloppen kommune · via Doffin — Norwegian Public Procurement
- Published
- 17 Sept 2026
- Closes
- 22 Oct 2026, 10:00 UTC
- Value
- NOK 1,500,000
- Reference
- 2026-114659
- Location
- Ikke stedbunden, Norway
- Sector
- Financial & Professional Services
Details
Bakgrunn
Gloppen kommune v/eigedomsavdelinga har behov for ei rammeavtale for brannteknisk rådgjeving. Fleire kommunale bygg manglar heilt eller delvis oppdatert brannteknisk dokumentasjon, og kommunen har difor behov for systematisk kartlegging, vurdering og prioritering av vidare arbeid.
Kommunen treng dokumentasjon til bruk i drift, forvaltning og ved tilsyn. Det er særleg behov for oppdaterte brannteikningar, orienteringsplanar og rømningsplanar, samt vurdering av status og eventuelle manglar i eksisterande dokumentasjon.
Føremålet med anskaffinga er å sikre tilgang til fagleg kompetanse som kan levere einsarta, tydeleg og oppdatert dokumentasjon for dei bygga kommunen peikar ut i avtaleperioden.
Beskriving av oppdraget
Oppdragsgivar ønskjer å inngå rammeavtale med éin leverandør om branntekniske rådgjevingstenester for kommunale bygg. Oppdraget omfattar utarbeiding og oppdatering av brannteknisk dokumentasjon der denne heilt eller delvis manglar.
Leveransane vil variere frå bygg til bygg og kan mellom anna omfatte tilstandsanalyse, brannteikningar, orienteringsplanar og rømningsplanar. For enkelte bygg kan det òg vere aktuelt med planteikningar, som skal prisast som opsjon. Kvar bestilling skal spesifisere kva leveransar som skal utførast.
Ved kvart avrop skal leverandøren bidra til å avklare behov og omfang, og utarbeide ein handlingsplan med prioritert gjennomføring og tilhøyrande kostnadsoverslag. Dokumentasjonen skal vere enkel, tydeleg, oppdatert og tilpassa kommunen si vidare forvaltning og oppfølging.
Reise- og opphaldskostnader skal gå tydeleg fram av tilbodet og haldast på eit nøkternt og føreseieleg nivå. Desse skal være inkludert i prisen som vert gitt i tilbodet.
Rammeavtalen har ei varigheit på eitt år, med opsjon på forlenging i eitt år. Avrop skjer etter behov, og avtalen inneber ikkje kjøpsplikt. Standard leveringsfrist er tre månader per avrop, dersom ikkje anna er avtalt.
Omfang
Anskaffinga er estimert til 1 500 000 kr ekskl. mva. Beløpet er eit anslag og er ikkje bindande for oppdragsgivar.
Avtale og kontrakt
Avtaletype: rammeavtale.
Kontrakten vert regulert av NS 8402 med dei endringane og/eller tillegga som følgjer av spesielle kontraktsvilkår og avtaledokumentet.
Kvar bestilling frå oppdragsgivar skal spesifisere kva leveransar som skal utførast. Leverandøren skal utarbeide ein handlingsplan med prioritert gjennomføring og tilhøyrande kostnadsoverslag for kvart bygg og kvar leveranse.
Standard leveringsfrist per avrop er tre månader, avhengig av kompleksitet, dersom ikkje anna er avtalt.
Avtalen vert inngått for eitt år, med opsjon på forlenging i eitt år. Oppdragsgivar bestiller tenester etter behov. Avtalen vert automatisk forlenga dersom han ikkje vert sagt opp seinast tre månader før utløpet av avtaleperioden.
Avtalen inneber ikkje kjøpsplikt, men regulerer vilkåra for leveransar i avtaleperioden.
Deltilbod
Det er ikkje høve til å gje tilbod på delar av oppdraget.
Reglar for gjennomføring av konkurransen og krav til tilbod
Anskaffingsprosedyre og gjennomføring av konkurransen
Anskaffinga vert gjennomført i samsvar med lov om offentlege anskaffingar av 17. juni 2016 (LOA) og forskrift om offentlege anskaffingar (FOA) FOR-2016-08-12-974, del II.
Tilbod skal utarbeidast i samsvar med konkurransegrunnlaget og leverast elektronisk via Hyyr. Spørsmål skal sendast gjennom spørsmål- og svarfunksjonen i Hyyr. Svar vert gjorde tilgjengelege for alle registrerte deltakarar.
Kontaktperson for anskaffinga er Cecilie Solvang Klakegg, innkjøpskonsulent/økonomirådgjevar.
Feil eller uklarheiter i konkurransegrunnlaget skal meldast i god tid før tilbodsfristen via Hyyr.
Alle som har levert tilbod, vil få skriftleg tilbakemelding samtidig om kven som får tildelt kontrakt, med grunngjeving og informasjon om karenstid og klagerett.
Oppdragsgivar kan avlyse konkurransen dersom det ligg føre sakleg grunn.
Krav til tilbodet
Konkurransedokumenta med beskriving utgjer grunnlaget for tilbodet.
Tilbodet skal vere skriftleg, bindande og levert via konkurransegjennomføringsverktøyet Hyyr. Tilbodet, vedlegg, dokumentasjon og kommunikasjon skal vere på norsk.
Tilbydar vert oppmoda til å levere tilbod i god tid, og ber sjølv risikoen for at tilbodet er levert korrekt og i samsvar med konkurransegrunnlaget med vedlegg.
Tilbod som inneheld vesentlege avvik, vil bli avviste.
Offentlegheit og innsyn
For allmenta sitt innsyn i dokument knytte til ei offentleg anskaffing gjeld offentleglova.
Oppdragsgivar og tilsette hos oppdragsgivar pliktar å hindre at andre får tilgang til eller kjennskap til opplysningar om tekniske innretningar og framgangsmåtar, eller drifts- og forretningsforhold, som det vil vere av konkurransemessig betydning å halde hemmelege, jf. FOA § 7-4, jf. forvaltningslova § 13.
Oppdatering av konkurransegrunnlaget
Eventuelle rettingar, suppleringar eller endringar i konkurransegrunnlaget, samt spørsmål og svar i anonymisert form, vert formidla til alle som har registrert interesse for anskaffinga.
Buyer: Gloppen kommune
Place of performance: Ikke stedbunden
Full notice and tender documents are on Doffin (Norwegian).
Context for bidders
We hold 3 notices from Gloppen kommune, going back to August 2026 — 2 of them still open. They buy mostly in Construction & Infrastructure and Financial & Professional Services. There are 393 open Financial & Professional Services tenders in Norway. This one closes in 34 days.
More from this buyer
- Allmenn taksering av eigedomar for eigedomsskatt· closes 22 Oct
Similar Financial & Professional Services tenders
- Norway – Research and development services and related consultancy services – Review of the extent and development of child and youth crimes.· closes 22 Oct
- Norway – Supply services of personnel including temporary staff – Temporary staff services for GIR IKS and SOR IKS 2027 - 2031 second notice.· closes 22 Oct
- Rammeavtale lås, beslag og dørautomatikk· closes 9 Oct
- KK - Rammeavtale - Miljøstasjoner for kildesortering· closes 19 Oct
- Norway – Safety consultancy services – Framework agreement for Nuklær security consultancy services· closes 28 Sept
Before you bid on this tender
A quick checklist to help you decide whether to bid and prepare a compliant submission for this financial & professional services opportunity. Always verify the details on the official source.
- Confirm the exact closing date and time (and time zone) on the official portal — deadlines are strict and can be revised by a corrigendum.
- Read the full notice and every attached document, including the scope, specifications and any bill of quantities or terms of reference.
- Check the eligibility criteria — prior similar experience, annual turnover, certifications and registrations — and make sure you qualify before investing effort.
- Prepare any earnest-money deposit (EMD) or bid security and the required formats early; missing or wrongly-formatted documents are a common cause of rejection.
- Note how bids must be submitted (online or physical), in what format, and whether a digital signature or portal registration is required.
- Watch for corrigenda and clarifications right up to the deadline — requirements and dates can change.
More Financial & Professional Services tenders
- Individual Technical Consultant to develop a Full Stack Software for the Consolidated Cash Transfer Programme (CCTP)Social Protection, Pensions & Senior Citizens Affairs · Kenya
- Individual Consultant for Enhanced Single Registry and Community Development MISsSocial Protection, Pensions & Senior Citizens Affairs · Kenya
- Impermeabilização em poliéster flexível, incluindo material e MÃO de obra nas edificações da universidade federal de santa maria – ufsmUNIVERSIDADE FEDERAL DE SANTA MARIA · UNIVERSIDADE FEDERAL DE STA.MARIA/RS · Brazil
- Contratação de empresa especializada para a execução de obra de engenharia civil, incluindo fornecimento de materiais e mão de obra, destinados à reforma estrutural do cais do Instituto de Estudos do Mar Almirante Paulo Moreira, localizado na Ilha do Farol, município de Arraial do Cabo - RJCOMANDO DA MARINHA · INST.DE ESTUDOS NO MAR ALTE.PAULO MOREIRA · Brazil
- Contratação de empresa especializada para a execução das obras de microdrenagem pluvial e qualificação do trecho da Rua Borges de Medeiros (Bairro Pinhal), garantindo o adequado escoamento das águas, mitigação de alagamentos e melhoria das condições de mobilidade e acessibilidade urbana, com recursos do Plano de Ação…MUNICIPIO DE SOBRADINHO · DEPARTAMENTO DE OBRAS E VIAÇÃO · Brazil
FreeTender mirrors this notice for reference. Verify the details and bid on the official portal.
Verify & apply on the official portal →